Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

Frå skinnfell og ku til pub og hotell

Det starta enkelt. Skinnfeller på eit grovt låvegolv. Heimbryggja øl. Kaffe med litt biteti. Mykje har skjedd fram til i dag, men ein ting kjem aldri til å endre seg: det skal alltid vera skikkeleg triveleg å koma til Nordal Turistsenter.

Vi må heilt attende til 1894 når vi skal fortelje historia om Nordal Turistsenter. Det var dette året Gabriel Nordal skreiv under på kjøpskontrakta for denne delen av Ulstad, som var det tidlege navnet på Bergom – eller Lom sentrum.

Gabriel og kona Embjørg hadde nok busett seg på Ulstad ei tid før dei fekk skøytet i 1898, for alt i 1899 søkjer Embjørg Nordal om løyve til å selja heimbryggja øl til bygdafolk og ferdmenn.

Skal tru kva Embjørg hadde sagt om ho visste at etterkomarane meir enn 100 år etter skulle tilby dei reisande «heimbryggja» øl frå eit lokalt, moderne mikrobryggeri i Lom?

Eldste huset på Nordal er ei stugu frå nigard Bøje, med eit nokså stort rom og eit noko mindre som vart kjøken, og ein liten kleva.

Kjøkenet og klevaen er framleis ein del av Nordal, og det største rommet er ein del av det som i dag er spisestaden.

 

Kaffe og overnatting

Familien Nordal tok til med kafeteria om dagen og ferdmannskvile om natta. Ferdmennene brukte sine eigne skinnfeller og låg på golvet.

Elles var rommet utstyrt med spyttbakker for brukarar av snus og skråtobak. Helseforskriftene har vorte endra mykje etter dette, og det er kanskje du som besøker oss i dag glad for?

Kafeteriaen var mest for folk som hadde ærend til butikk eller kvern, eller folk som kom frå kyrkja messesundagen.

Flest gjester kom det juldagen. Embjørg Nordal fortalde at ho skaffa seg ein ”misjonskjel» som tok 100 koppar. Juldagen mol ho på kjelen tre gonger, så ho selde minst 200 koppar den dagen.

Kring 1905 vart det bygd på ei høgd, slik at dei fekk fire soverom til.

Gardsbruket vart utvida litt etter kvart. Låve og stall skal vera det fyrste som kom på plass, fordi både Gabriel og sonen Knut dreiv med hestar.

Så kom det fyrste fjoset, men det som du som besøker oss i dag kan sjå, er eit nyare fjøs som vart reist i 1924.

Oppå fjoset vart det bygt ein sal, «Kusalen», som vart brukt som festlokale til 1938. Da vart salen teke ned og ombygd til låve.

Ein ny tvihøgda bygning vart bygt i 1924. I fyrste høgda vart det plass til matsal, peisstugu og ein salong. Andre høgda ga plass til fem gjesterom, og i kvisten var det to rom. Nå hadde Nordal Hotell 11 gjesterom med 25 senger.

Neste bygget som vart sett opp, var stabburet. Det lokale telefonselskapet hadde vorte overteke av det statlege telefonselskapet, og Embjørg Nordal viste nok ein gong fram eit skikkeleg forretningstalent ved å kjøpe telefonstolpane som stod att utover bygda. Dei kosta ei krone stykket, om kjøparen henta dei.

Embjørg fekk Elias Kveen til å ta dei ned og køyre dei heim på vinterføre for same prisen. Dette var i 1935, og Simen Kolden og Tormod Sørhage hadde kr 2,50 for dagen for å lafte stabbur av stolpane. Dei fekk kosten attåt, så dei tykte dei gjorde det bra.

Heile kostnaden med stabburet kom på 800 kroner – inkludert ein støypt kjellar som var brukt som ishus, eller fryseri.

Våren 1940 vart Nordal brukt som feltlasarett. Sjølvefolket fløtte åt Sørhage og budde der i seks veker. Bombinga av Fossbergom midt i april øydela noko av øvre bygningen, men denne vart bygt opp att. Naturleg nok var det ikkje rare turisttrafikken i krigsåra.

 

Nordal utvidar tilbodet

Utviklinga skaut fart etter andre verdskrig, da under namnet Nordal Turistheim. Dette var tida for bussturistar og syklistar.

Maria og Tosten Nordal tok over drifta i 1947, og sat med taumane fram til Egil Nordal tok over i 1970.

Egil synte mang ein gong at han hadde det same forretningstalentet som forgjengarane sine. Nordal gjekk frå å vera gardsbruk med turisttilbod, til å nytte heile garden med mange ulike tilbod for den aukande turiststraumen.

Hotellet vart utvida i fleire omgangar. På midten av 50-talet vart dei to bygningane samanbygde med eit mellombygg. Dette gav plass til ny matsal og anretning i fyrste høgda, og ti nye rom i andre og tredje høgda. Elles vart bygningane kledde både ut- og innvendig.

I 50-åra vart vassverket på Fossbergom bygt. Det vart dermed mogleg å leggje inn vatn på kvart rom, og ikkje minst toalett. Dette var eit stort framsteg.

Seinare ombyggingar og investeringar auka ikkje talet på senger. Tvert om. Auka krav til komfort gjorde sitt til at ein måtte ta av eksisterande areale for å få plass til dusj og toalett på alle rom.

Likevel vart det gjort nye grep for å få plass til fleire reisande. Eit eige motell vart bygt i 1960. Det fekk åtte dobbeltrom med same standard som hotellet.

 

Dei fyrste campinggjestane

Men satsinga stoppa ikkje med dette. På slutten av 50-talet byrja stadig fleire reisande å spørja om lov til å setje opp telt mellom hesjene på nyslått grasmark. Framsynte turistvertar i Lom skjønte fort at eit jorde kunne brukast til langt meir enn å dyrke gras, og i 1961 vart campingplassen på Nordal offisielt opna.

Turistar som kjem med bil og motorsykkel, treng meir enn mat og overnatting. Dei treng også drivstoff for å koma seg viare på reisa si. Det kom difor ikkje som nokor stor overrasking at også ein bensinstasjon vart etablert på Nordal.

Campingplassen voks fort. Eit sanitæranlegg med vaskeri kom på plass i 1963. Etterspurnaden auka år for år, og stadig større delar av jorda måtte vike til fordel for campinggjestane.

Krøtterhald og stor turisttrafikk gjekk ikkje så godt saman, og til slutt måtte den siste kua og hesten vike for turistane. I dag er det berre fjoset og låven som vitnar om at det har vore gardsdrift på Nordal.

Bilturistane som fløtte inn på åker og eng, spurde ofte etter tak over hovudet. Telt vart etter kvart ikkje godt nok. Egil Nordal svara på etterspurnaden med å tilby overnatting i campinghytter. Dei fyrste stod ferdig i 1962, og etter kvart kom det på plass 55 hytter med ulik standard.

 

Kiosk og gatekjøken

For at hytte- og teltturistane skulle få best mogleg service, trongdest det ikkje berre sanitæranlegg og bensinstasjon. Dei måtte også ha ein plass å gjera innkjøp – særleg utanom opningstidene til butikkane. Difor bygde Nordal ein liten kiosk på campingplassen.

Etter kvart vart også kiosktilbodet utvida. Eit gatekjøken, som var det fyrste i Oppland, vart bygt på slutten av 1960-talet. Dette vart seinare bygd på i fleire omgangar.

På slutten av 1980-åra vart det gjort nye, store investeringar. Bensinstasjonen vart utvida til å bli eit topp moderne servicesenter, og kafeteriaen fekk ei velfortent ansiktslyftning. Ei stor uteservering med utescene kom også på plass.

Ikkje uventa engasjerte også barna til Egil, Anne Marie og Tor Gaute seg i drifta etter at dei vart vaksne. Dei bidrog til at Nordal Turistsenter utvikla seg viare til ein naturleg stopp for alle reisande.

I dag er det fjerde generasjon som driv den tradisjonsrike familiebedrifta. Dei bidreg også aktivt med å utvikle Nordal Turistsenter, men ein ting vil dei alltid ha med seg:

den store omtanken for gjestene, som har fylgt Nordal heilt sia Embjørg og Gabriel si tid, skal alltid vera med.

Tilbake til toppen