Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

Fjoset Pub: Ta eit glas i båsen til Dagros

Lyst til å oppleva ein pub utanom det vanlege? Fjoset Pub i Lom byr på heimekoseleg godstemning med någå attåt.

For hundre år sia var det stort sett firbeinte drøvtyggjarar med klauver som bidrog til den trivelege atmosfæra i desse lokala. Nå er det tobeinte med og utan stiletthæler som kosar seg i den trivelege puben.

Stemninga i Fjoset Pub er framleis like god som da kyr og høner heldt til i lokala, men det gamle fjoset er bygd om til det som må vera den mest spesielle puben i dalstroka innafor.

Tømmerveggene er dei same gamle. Men i fjøsbåsene, der Dagros og venene hennar i si tid stod og åt godt høy frå grasmarka uttafor, kan du nå sitja og kose deg med noko godt i glaset.

Du kan nyte godt drikke med og utan alkohol i puben vår, og vi har moglegheit til å skjenke både øl, vin og brennevin. Kanskje vi har ein og annan spesialitet på lur til deg også?

I høgsesongen er Fjoset Pub open kvar kveld. Elles i året er puben open kvar fredag og laurdag  21:00 – 02:00.

 

 

Tilbake til toppen