Nordal camping i Lom er ein moderne og triveleg campingplass i naturskjønne omgjevnader – midt i hjarta av Jotunheimen.
Campingplassen har plass til 120 einheiter, og det er enkelt å ta seg fram med både bubil og campingvogn.
Nordal camping ligg i tilknytning til Nordal Turistsenter, der du har lett tilgang til absolutt alt du treng for å få eit fint opphald.
Dette er noko av det du kan få når du bur på Nordal camping i Lom:
- Triveleg, moderne campingplass
- Stort serviceanlegg med blant anna dampbadstue, vaskerom med vaskemaskine og tørketrommel samt eit moderne kjøkken.
- Leikeplass for små og store barn
- Gangavstand til serveringsstader, butikkar og attrakasjonar
- Stutt veg til Galdhøpiggen og andre turmål
Nordal passar godt for både små og store reisande. Her er det nok å ta seg til for både aktive barnefamiliar på sommarferie og velvaksne campinggjester som ynskjer ei roleg langhelg i Lom.
Nordal camping er også perfekt for fjellfolk som treng ei base for turar til Galdhøpiggen og andre toppar i Jotunheimen.
Campingplassen har eit stort utval av små og store campinghytter til leige.