Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

Aktivitetar i Lom

Fjelltur for små og store føter. Roleg kajakktur på bregrønt fjellvatn. Bygg din eigen 2000-meterstopp på fjellsenteret. Moglegheitene er mange når du skal velje aktivitetar i Lom.

Enten du likar deg best på den høgste fjelltopp eller i djupaste dalbott: Lom har mangt å by på for dei fleste.

Det er det same om du kjem åleine, eller er på ferie i Lom saman med familie og vener. Om du er glad i fart og spenning eller peiskos og elvesus kjem aldeles på eitt ut.

Vi lovar deg å gjera vårt for at du skal få eit innhaldsrikt opphald i landets trivelegaste nasjonalparklandsby.

Foto: Sven- Erik Knoff/FotoKnoff

Dette er noko av det Lom har å by på av aktivitetar:

Sjølv om opplevingar ute i naturen står i høgsetet sumar som vinter, treng du ikkje å vera korkje sprek eller ivrig fjellfriskus for å nyte det beste av Lom. Her er det fleire aktivitetstilbod – også for den som likar best å trø asfalten og nyte godt det ein finn midt i sentrum.

Uansett kva du gjer på dagtid: på kveldstid anbefaler vi at du nyt ein god middag før du kryp til køys med rekordlåg kvilepuls – høg på opplevingane du har hatt i løpet av ein herleg aktivitetsdag i Lom.

Og dersom du slit med å greie å velje frå den smakfulle smørbrødlista av aktivitetar, så hjelp vi deg meir enn gjerne.

Lyst til å ta deg ein digital ferietur til Lom for å sjå meir av det vi kan by på av aktivitetar og opplevingar? Besøk heimesida til Visit Jotunheimen for å sjå meir av Lom.

Foto: Sven- Erik Knoff/FotoKnoff

Ta kontakt med nordalsfolket for å få forslag til aktivitetar i Lom

 

Tilbake til toppen