Hopp til innhold

Overnatting

Berre på gjennomreise i Jotunheimen, eller ynskjer du å bli nokre dagar? Nordal Turistsenter er eit godt val når du treng overnatting i Lom. Før i tida måtte ferdamenn (og kvinner) sove i skinnfell på golvet, eller i høyet på låven på Nordal. Vi har framleis både låve og skinnfell du kan låne, men komforten er nok hakket betre enn da vi byrja med overnatting på slutten av 1800-talet. Du kan velje sjølv om du vil bu i eit av dei trivelege hotellromma våre, enkle og rimelege hytter, moderne campinghytter, eller på den prisbelønna campingplassen vår. Dette er overnattingsalternativa våre:

Hopp til navigasjon hotkey
Hotell

Hotell

Bu på trivelege Nordal når du treng hotell i Lom. Vi har både hjarterom og husrom. Les meir om hotellet

Camping

Camping

Nordal camping i Lom er ein moderne og triveleg campingplass i naturskjønne omgjevnader – midt i hjarta av Jotunheimen. Campingplassen har plass til 120 einheiter, og det er enkelt å ta seg fram med både bubil og campingvogn. Les meir om campingplassen vår

Campinghytter

Campinghytter

Du vel sjølv om du vil bu i ein enkel og rimeleg hytte, eller i ei av dei større hyttene som har det meste av det du forventar å finne av fasilitetar når du leiger ei moderne campinghytte. Det er 64 hytter hjå oss. Dei fleste med dusj og toalett. Les meir om hyttene våre

Tilbake til toppen