Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

Eit lite hotell for dei store opplevingane

Bu på trivelege Nordal når du treng hotell i Lom. Vi har både hjarterom og husrom.

Nordal er eit lite hotell for dei store opplevingane. Midt i sentrum av Lom. Midt i det kulinariske smørauga i Gudbrandsdalen.

Med stutt veg til alt som Lom og resten av nasjonalparkriket kan by på av små og store opplevingar, er Nordal eit fint utgangspunkt for deg som er på utkikk etter hotell i Jotunheimen.

Hotellet har 18 rom, og er akkurat passe lite til at du får eit fint opphald. Og akkurat passe stort til at du får det servicetilbodet du fortener.

Trivelege rom

Dette er noko av det du kan få når du bur på hotellet vårt:

  • Fin utsikt frå hotellrommet, enten til Lom stavkyrkje eller sentrum
  • Gangavstand til det meste
  • Stutt veg til Galdhøpiggen og andre turmål
  • Rustikt, heimekoseleg interiør
  • God mat med både lang- og stuttreiste råvarer

Eit hotell bør tilby meir enn ei god seng å sove i. Hjå oss er gjerne synet av den majestetiske Lomseggen eller stavkyrkja det fyrste du ser når du slår opp augene om morgonen.

Bu midt i Lom sentrum

Frukosten kan du nyte med den same, flotte utsikta, før du nyttar dagen som du vil. Middagen kan du gjerne ta i serveringslokala våre.

Velkomen til frukost
Stuttreist, god mat
Frukost på Nordal Turistsenter

 

Om du tek i mot eit lite bonustips, anbefaler vi at du tek turen innom Fjoset Pub for eit glas med godt i, før du kryp under dyna att.

Eit av hotellromma våre

Alle rom på hotellet har TV, trådlaust internett og bad med dusj og toalett.

Kvart rom har 1 – 4 senger.

 

Bestill hotell i Lom nå

 

Tilbake til toppen