Er du på veg til Lom, og på utkikk etter overnatting i hytte? Nordal Turistsenter ligg midt i Lom sentrum, og har både små og store campinghytter.
Det er 64 hytter hjå oss. Dei fleste med dusj og toalett.
Du vel sjølv om du vil bu i en enkel og rimeleg hytte, eller i ei av dei større hyttene som har det meste av det du forventar å finne av fasilitetar når du leiger ei moderne campinghytte.
Nordal camping ligg i tilknytning til Nordal Turistsenter, der du har lett tilgang til absolutt alt du treng for å få eit fint opphald.
Dette er noko av det du kan få når du bur i campinghytte hjå oss:
- Bu på ein triveleg, moderne campingplass midt i Lom sentrum
- Tilgang til stort serviceanlegg med blant anna dampbadstue, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, TV-stugu og moderne kjøkken
- Leikeplass for små og store barn
- Gangavstand til serveringsstader, butikkar og attraksjonar
- Stutt veg til Galdhøpiggen og andre turmål
Nordal passar godt for både små og store reisande. Her er det nok å ta seg til for både aktive barnefamiliar på sommarferie og vaksne hyttegjester som ynskjer ei roleg langhelg i Lom.
Om du ynskjer kan du gå innom Nordal hotell og kjøpe deg frukostbuffet.
Hyttene på Nordal passar også perfekt for fjellfolk som treng ei base for turar til Galdhøpiggen og andre turmål i Jotunheimen, eller for idrettslag, skilag og andre grupper som har treningssamling i Lom.
Dei minste hyttene har to sengeplasser. Dei største har god plass til åtte personar.