Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

God mat i Lom

Hjå familien Nordal i Lom kan du ete god, heimelaga mat i trivelege omgjevnader.

Småsvolten og på leit etter ein serveringsstad i Lom som har enkle matrettar for folk på farten? Eller kanskje du har lyst på eit godt måltid med heimelaga mat med lokale råvarer?

På Nordal har vi eit breidt utval av middagsrettar og lunsjrettar. Vi legg vekt på å ha ein enkel og jordnær, og ikkje minst smakfull meny med heimelaga mat.

Hjortefilet

Jakt og fiske er viktig for nordalsfolket. Difor finn du gjerne viltkjøt på menyen som vertskapet sjølv har hausta og tilberedt.

Eller kanskje vi kan freiste med den viden kjende Bøverdalsbiffen med creme fraiche-saus eller ovnsbakt laks med urterømme?

Vi har også eigen pizzameny og enkle vegetarrettar.

Smakfull elgkebab

For oss er det viktig at både små og store skal trivast når dei skal ut for å eta god mat. Difor har vi eigen barnemeny og eit leikerom for dei minste. Her er det ingen barn som treng å kjede seg medan dei ventar på at dei vaksne skal avslutte middagen.

Leikerom for barna

Dette er noko av det du kan få når stoppar på hjå oss for å ta ein matbit:

  • Smakfull meny med heimelaga, god mat
  • Eigen meny og leikerom for barna
  • Kjøt-, fisk- og vegetarrettar
  • Uteservering med utsikt mot sentrum eller elva og stavkyrkja

 

Kanskje du har lyst på ein ekstra dessert etter at du har ete deg god og mett ved serveringsstaden vår? Da anbefaler vi at du svingar deg innom Fjoset Pub for eit lite glas med godt i.

Sjå menyen vår her

Tilbake til toppen