Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

Velkomen heim til oss på Nordal!

Familien Nordal ynskjer deg hjarteleg velkomen til Nordal Turistsenter. Vi lovar å ta godt vare på deg når du kjem på besøk.

Hjå oss kan du overnatte i ei god seng på hotellet vårt, og vakne med utsikt til Lomseggen. Setja opp teltet ditt på campingplassen nede ved den bre-grønne elva. Eta deg god og mett i trivelege omgjevnader. Markere dei store hendingane i livet saman med dei som betyr mest for deg. Eller berre ta ein enkel kaffekopp på uteserveringa.

Det starta enkelt på slutten av 1800-talet. Enkle skinnfeller på golvet, heimbryggja øl, kaffe og litt biteti var det som vart bode til dei fyrste reisande som kom til Nordal.

I dag har vi eigen spisestad, pub, selskapslokale, godt over 60 hytter, nærare 20 hotellrom og ein 4-stjerners campingplass å tilby deg som tek turen til Lom.

Sjølv om Nordal Turistsenter har utvikla seg stort sidan det heile starta i 1894, er det ein ting som aldri kjem til å endre seg: det skal vera skikkeleg triveleg å koma til oss på Nordal.

Her skal du kjenne deg heime – sjølv um du er borte.

Tilbake til toppen