Hopp til innhold
Hopp til navigasjon hotkey

Nyheit: aktivitetssenter for familiar

Ein triveleg og fin campingplass blir enda finare. Ikkje minst ein enda meir familievennleg campingplass.

Ekstra gode campinggjestar fortener ekstra gode servicetilbod. Difor står det eit splitter nytt aktivitetssenter klart på Nordal Turistsenter i juni 2021.

I all beskjedenheit: det er ikkje småtteri som er under oppbygging på familiecampingen i Lom sentrum. Det er i alle fall den største, og truleg mest etterlengta, oppgraderinga på lenge.

Dette er noko av det små og store barn kan nytte seg av når dei gjestar det nye aktivitetssenteret på campingplassen:

  • Miniklatrepark
  • Sandvolleyballbane
  • Digital vegg tilpassa fotball og andre artige spel
  • Interaktiv multisportsarena

Alle aktivitetane er gratis, og ope både for camping- og hotellgjestar, andre som besøkjer Lom, og bygdafolk. Det heile er fordelt over eit område på 750 generøse kvadratmeter, og er sentralt plassert med svært kort avstand til caravanplassane, hyttene og eit rikt utval av ulike tilbod i Lom sentrum.

Her kan du sjå animasjon av korleis det nye aktivitetssenteret blir:

Tilbake til toppen