Nordal Historie

Gabriel Nordal fekk skøyte på denne delen av Ulstad i 1898, men kjøpekontrakta er i frå 1894. Embjørg og Gabriel Nordal hadde nok busett seg på Ulstad ei tid før 1898, for alt i 1899 søkjer Embjørg Nordal om løyve til å selja heimbryggja øl åt bygdafolk og ferdmenn. Eldste huset er ei stugu frå nigard Bøje, med eir nokså stort rom, eir lite mindre rom som vart kjøken og ein liten kleva. Desse to siste romma er avdelinga på Nordal i dag, og største rommet ein del av kafeen. Gabriel Nordal fekk skøyte på denne delen av Ulstad i 1898, men kjøpekontrakta er i frå 1894.


Familien Nordal tok til med kafe om dagen og ferdmannskvile om natta. Ferdmennene brukte sine eigne skinnfeller og låg på golvet. Det var nok ofte att lus etter desse sengekleda. Elles var rommet utstyrt med spyttbakker for brukarar av snus og skråtobak. Helseforskriftene hal vorte endra mykje på 100 år!Kafeen var for folk som hadde ærend til butikk eller kvern, eller kom frå kyrkja messesundagen. Flest folk kom det juldagen. Ernbjørg Nordal fortalde at ho skaffa seg ein ”misjonskjel" som tok 100 koppar. Juldagen mol ho på kjelen tre gonger, så ho seide minst 200 koppar den dagen!Kring 1905 vart det bygt på ei høgd, så dei fekk 4 soverom til. Gardsbruket vart utbygt litt etterkvart, låve og stall skal vera det fyrste som kom på plass, fordi både Gabriel og sonen Knut dreiv med hestar. Så kom fjoset, men jorda vart ei tid brukt saman med Andberg som dei åtte mellom 1913 og 1920.I 1924 vart gamelfjoset rive, og istaden kom nåverande fjos, kjøpt av Lars Kolden. Oppå fjoset vart det bygt ein sal, 'Kusalen", som vart brukt som festlokale til 1938. Da vart salen nedteke og ombygt til låve. Ein ny tvihøgda bygning vart bygt i 1924. 1 fyrste høgda vart det plass til matsal, peisstugu og ein salong, andre høgda ga plass til 5 gjesterom og i kvisten var det to rom. No hadde Nordal Hotell 11 gjesterom med 25 senger.



Neste bygget var stabburet. Det lokale telefonselskapet vart overteke av det statlege telefonselskapet, og Embjørg Nordal kjøpte telefonstolpane som stod att utover bygda. Dei kosta 1 kr stykket, om kjøparen henta dei. Ho fekk Elias Kveen til å ta dei ned og køyre dei heim på vinterføre for same prisen. Dette var i 1935, og Simen Kolden og Tormod Sørhage hadde kr 2,50 for dagen for å lafte stabbur av stolpane. Dei fekk kosten attåt, så dei tykte dei gjorde det bra.Heile kostnaden med stabburet kom på 800 kroner og da var det støypt kje)lar under, som vart brukt til "ishus", det vil seia fryseri.Våren 1940 vart Nordal brukt som feltlasarett, og sjølvefolket fløtte åt Sørhage og budde der i 6 veker. Bombinga av Fossbergom midt i april øydela noko av øvre bygningen, men han vart bygt opp att.