![]()
![]()
| Gabriel
Nordal fekk skøyte på denne delen av Ulstad i 1898, men kjøpekontrakta
er i frå 1894. Embjørg og Gabriel Nordal hadde nok busett seg på
Ulstad ei tid før 1898, for alt i 1899 søkjer Embjørg Nordal om løyve
til å selja heimbryggja øl åt bygdafolk og ferdmenn. Eldste huset er ei
stugu frå nigard Bøje, med eir nokså stort rom, eir lite mindre rom som
vart kjøken og ein liten kleva. Desse to siste romma er avdelinga på
Nordal i dag, og største rommet ein del av kafeen. Gabriel Nordal fekk skøyte
på denne delen av Ulstad i 1898, men kjøpekontrakta er i frå 1894.
|
Nordal sist i 1890 åra. Frå venstre Rønnaug Sørhage, dottera Ennbjørg Nordal med Knut på fanget, Livt, Nordal (f. Kvamme) med barnebarnet Livø, Gabriel Nordal og Kristen Øverbø. |
|
Familien
Nordal tok til med kafe om dagen og ferdmannskvile om natta. Ferdmennene
brukte sine eigne skinnfeller og låg på golvet. Det var nok ofte att lus
etter desse sengekleda. Elles var rommet utstyrt med spyttbakker for
brukarar av snus og skråtobak. Helseforskriftene hal vorte endra mykje på
100 år! Kafeen
var for folk som hadde ærend til butikk eller kvern, eller kom frå
kyrkja messesundagen. Flest folk kom det juldagen. Ernbjørg Nordal
fortalde at ho skaffa seg ein ”misjonskjel" som tok 100 koppar.
Juldagen mol ho på kjelen tre gonger, så ho seide minst 200 koppar den
dagen! Kring
1905 vart det bygt på ei høgd, så dei fekk 4 soverom til. Gardsbruket
vart utbygt litt etterkvart, låve og stall skal vera det fyrste som kom på
plass, fordi både Gabriel og sonen Knut dreiv med hestar. Så kom fjoset,
men jorda vart ei tid brukt saman med Andberg som dei åtte mellom 1913 og
1920. I 1924 vart gamelfjoset rive, og istaden kom nåverande fjos, kjøpt av Lars Kolden. Oppå fjoset vart det bygt ein sal, 'Kusalen", som vart brukt som festlokale til 1938. Da vart salen nedteke og ombygt til låve. Ein ny tvihøgda bygning vart bygt i 1924. 1 fyrste høgda vart det plass til matsal, peisstugu og ein salong, andre høgda ga plass til 5 gjesterom og i kvisten var det to rom. No hadde Nordal Hotell 11 gjesterom med 25 senger. |
Det andre bygget på Nordal sto klart i 1925 |
Neste
bygget var stabburet. Det lokale telefonselskapet vart overteke av det
statlege telefonselskapet, og Embjørg Nordal kjøpte telefonstolpane som
stod att utover bygda. Dei kosta 1 kr stykket, om kjøparen henta dei. Ho
fekk Elias Kveen til å ta dei ned og køyre dei heim på vinterføre for
same prisen. Dette var i 1935, og Simen Kolden og Tormod Sørhage hadde kr
2,50 for dagen for å lafte stabbur av stolpane. Dei fekk kosten attåt, så
dei tykte dei gjorde det bra. Heile
kostnaden med stabburet kom på 800 kroner og da var det støypt kje)lar
under, som vart brukt til "ishus", det vil seia fryseri. Våren
1940 vart Nordal brukt som feltlasarett, og sjølvefolket fløtte åt Sørhage
og budde der i 6 veker. Bombinga av Fossbergom midt i april øydela noko
av øvre bygningen, men han vart bygt opp att. |
|
Det var ikkje så mykje turisttrafikk under krigen, utanom ein flokk kunstmålarar som kom att surnar etter sumar. Etter krigen heldt turiststaden fram under namnet Nordal Turistheim. Dette var tida for bussturistar og syklistar. Personbilar var det få av. Maria og Tosten Nordal tok over drifta i 1947, og sat med taumane til Egil Nordal overtok i 1970. Og det er i denne perioden Nordal går over frå å vera gardsbruk med turisttilbod, til å nytte heile garden, med mange tilbod til den aukande turiststraumen. I
1955/56 vart dei to bygningane samanbygde med eit mellombygg. Dette gav
plass til ny matsal og anretning i fyrste høgda og 10 nye rom i andre og
tredje høgda. Elles vart bygningane kledde både utvendig og innvendig.
Seinare påkostnader kom i slutten av 1980 åra, med ny resepsjon og
matsal. Og i 50 åra var vassverket på Fossbergom utbygt, så da kunne
romma utstyrast med varmt og kaldt vatn på kvart rom og vassklosett i
korridorane. Det var eir stor framsteg. Seinare ombyggingar og påkostnader
på hotellavdelinga har ikkje auka talet på senger, snarare tvert om.
Aukande krav til komfort, med mellom anna dusj og wc på alle rom, har
gjort at ein måtte ta rom eller delar av rom for å få plass. No har
alle rom på hotellet og motellet dusj og wc. 1 1960 vart motellet bygt.
Det fekk 8 dobbeltrom med same standard som hotellet. Tilsaman har Nordal
Hotell 55 senger. Ekspansjonen
kom utadørs. Og det forde til at jordbruk og krøterhald måtte avviklast
i 1960 åra. Det tok til med at teltturistar kom og spurde om lov til å
slå opp telt mellom hesjene etter fyrste slåtten. Dette var i slutten av
50 åra, men fyrste organiserte campingplassen kom i 1961, etter at
Essostasjonen var bygd. Her var det vassklosett som kunne brukast av
campingturistane og. Dette vart fort for lite, så i 1963 måtte Nordal
byggje fyrste sanitæranlegget, saman med nytt vaskeri. Teltplassen vart
frå fyrst av berre omlag 1 mål, på jordet utafor Bergheim.
Etterspurnaden auka, så større og større areal måtte takast frå
gardsdrifta. Og krøterhald og turisttrafikk gjekk ikkje godt saman, dyra
kunne få i seg "kvast", så til slutt måtte siste kua og
hesten på slaktebenken. Ei stutt tid vart det prøvt med uksar, og
seinare med gris, men det måtte gjevast opp og. No er det berre fjoset og
låven som fortel at det har vore gardsbruk på Nordal. |
![]() |
Bilturistane
som fløtte inn på åker og eng, spurde ofte etter tak over hovudet,
teltet vart etter kvart ikkje godt nok. Og Egil Nordal bygde dei fyrste
campinghyttene i 1962. Og fleire vart sett opp etter kvart. I dag er det
55 hytter med varierande standard, sume med dusj/wc, stugu og kjøken. Det
er likevel bruk for dei heilt enkle hyttene som vart bygde i 1962. Den
store auken av campingturistar førde til behov for utviding av sanitæranlegga.
To år etter fyrste anlegget vart det bygt eitt til, rett utafor Fossheim.
Dette vart lagt til ein kjellar, der det vart oppsett ei timbrastugu. Føderådsfolka,
Maria og Tosten, budde der siste leveåra. Etterpå kunne huset brukast både
til bustad og utleigehytte. Campingplassen
hadde slege under seg heile Nordalsjordet. Så kom elveforbygginga mot Bøvra
og gjorde at arealet kunne utvidast i slutten av 70-åra. Og da laut
eit tredje sanitæranleggbyggjast, no med ein kapasitet for 400 personar. |
| Reguleringsplanane
for Fossbergom skapte vanskar for utnytting av bandlagt framtidig vegareal.
Dersom denne vegen vart bygt, ville Nordal måtte rive hyttene utan
vederlag. Men hyttene får stå, for vegplanane over Nordalsjordet har
falle bort.
For
at hytte og teltfolka skulle få best mogleg service, trongst ikkje berre
vaske og strykerom, dusj og wc. Turistane trong og ein stad å gjera innkjøp,
særleg utanom opningstida butikkane brukte. På Nordal starta det med ein
liten kiosk. I slutten av 60-åra kom det fyrste verkelege gatekjøkenet,
og det var det fyrste i Oppland. Torbjørn Fjeldstad hjelpte til med å
teikna huset. Dette har vore påbygt fleire gonger. Den fyrste
Essostasjonen frå 1960 hadde frå fyrst av liten trafikk, særleg
vinterstid. Men dette vart annleis etter at bilsalet vart slept fritt i
1960. Trafikken auka slik at både anlegg og varetilbod kravde nybygg.
Dette kom i 1987. Da stod ein heilt ny stasjon, med både vaske- og
smørehall ferdig. Kafeen vart og ombygt i 1989. 1 same huset har eit anna
servicetilbod kome i tillegg. Reidun Nordal har i mange år drive frisørsalong
i 2. etasjen i øvre bygningen. Og det siste som har kome til
er uteserveringsplass for matsalen med plass til 150 gjester Denne
sen kan og brukast til danseplass eller utescene. |